Knivskarp duell under Torvikbukt Open
Det prestisjetunge Torvikbukt Open i hesteskokasting gjekk av stabelen 19.juli på Øra arena.
Finalen vart ein knivskarp duell som sette sine spor like inn i familielivet til Engdahl/ Aarskog frå Troms!
Til slutt kneip Even Aarskog/ Øivind Kvalvåg (bildet) førsteplassen føre Bente Engdahl/ Bjørn Erik Sletnes.
Nr 3: Audun Torvik/ Øystein Ørjasæter. 13 lag deltok.
Og den ærefulle prisen "Veslebakken" gjekk til Ann Kristin Sletnes/ Morten Lognsli frå Løken.
Sigmund Måseide/ Juli 2018