Seterløp, seterkveld og sommeravslutning!

Created 10 years 340 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss: 63 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Tags: Torvikbukt IL
Categories: Framside - nyheter Idrettslag
Views: 8540

Torsdag 6. juni arrangeres det årlige seterløpet igjen som avslutning på friidrettstreninga. Arrangementet er for ALLE, ikkje berre dei som har vore med på treninga.

Det blir servert vafler, saft og kaffe på setra.

Det er premie til alle som deltek på seterløpet (dvs at du har på deg startnummer når du går opp stien :-) ).

Dei som berre vil gå seg ein tur opp på setra og spise vafler bestemmer sjølv rute opp til setra. Dei som skal delta på seterløpet møter opp ved Gjemneshallen klokka 18:00. Start ved grinda oppom Orset klokka 18:20.

Håper å sjå mange på seterløpet og på Orsetsetra denne kvelden!

Friidrett og triathlongruppa Torvikbukt IL.

Bilder fra seterløpet 2011
Bilder fra seterløpet 2012