Slik vi brukar namnet i dag, meiner vel mange sjølve bygda som heng saman med dyrka mark og tomter utan noko markert skogområde mellom.
Eg vel å definere namnet som den gamle skulekrinsen der barna hadde Torvik skule som skulestad etter at det vart fastskule i bygda rundt midten av 1880-åra.
Da blir yttergrensene av Torvikbukt slik: Ranheim innover fjorden, Høybuin i Torvikdalen og grensa mot Dønnem i retning Batnfjorden.
Ranem (Ranheim) kan ha hatt busetnad frå ca. 400 e. Kr., og er truleg av dei eldste gardane i Gjemnes. Namnet tyder heimen ved neset som stikk ut i fjorden og skrivemåten var Rannem på 1400-talet. Frå gamalt av høyrde Ranem til Frei kommune, men i 1882 vart grenda lagt til Øre kommune.
Sletnes (det slette neset) er også ein gamal buplass. Truleg har det vore heimar her før vikingtida. Grenda låg øyde etter svartedauden, men ein veit sikkert at det har vore gardsdrift her igjen frå ca. 1600.
Torvik hadde truleg to hovudbruk i eldre tid.
• Indre Torvik, Bøen (Bønnå) med gardstun der Torvikbukt skule ligg i dag.
• Ytre Torvik (Yttergarden/ Erikgarden) som hadde husa sine rett opp for sjøen mellom Torvik ferjekai og gamle Gjøco.
Oldfunn i jorda tyder på at det var busetjing her alt i eldre jarnalder (frå ca. 500 f. Kr.).
Seinare fekk dei to hovudgardane i bygda naboar på Orset, Vollan, Åsen (Åsan), Gammelsetra, Høybuin, Løkkegarden, Myrå, Bakkan, Torvikneset, Holten og Nautneset.
Først på 1400-talet var skrivemåten Torwick. I Gards- og ættesoge for Gjemnes, bind 1, skriv N.T. Leivdal at første delen i namnet truleg kjem av sjøplanta tare. Vik og bukt er mest som smør på flesk og viser til den skarpe u-svingen som strandlinja i fjordsystemet gjer mot sør her i bygda. Torvik er vel sjølve namnet på bygda frå gamalt av, medan Torvikbukt kom inn som poststad på området.
Utvikling i bygda
I ei levande bygd vil det vere personar som brukar noko av energien og kreativiteten sin på ting som kjem bygdesamfunnet til nytte. Slik blir bygda utvikla til ein plass der det er godt og interessesant å vekse opp. Slik har det utan tvil vore i Torvikbukt også, - spesielt det siste hundreåret. Her tek eg med noko av dette, og veit at det er mykje, mykje meir som har vore viktig for folket i Torvikbukt opp gjennom tidene. Ei utfordring til deg som brukar av ”torvikbukt.no”, kjem her og no: Send inn utfyllande stoff og bilete om ting du vil dele med brukarane på denne nettstaden av historisk karakter!
• Butikk/postkontor: Torvikbukt hadde 3 butikkar frå 1926 og fram til 1962.
1) Tor Håvardsholm hadde butikk og postkontor i eit lite rom i Erikgarden på slutten av 1800-talet. Han bygde Håvardsheim rundt hundreårskiftet med butikk i underetasjen. Anton Torvik (bestefar til Arild Sletnes) kjøpte huset og butikken i 1911. Dette er bustadhuset ved sida av jokerbutikken som er ei fornya utgåve av den gamle landhandelen.
2) Det var butikk i ”Svendsenhuset” frå 1920-åra. Ole Martin Svendsen dreiv butikken på Solhaug . (Eit hus som stod nedafor hagen på Bøen og like ved den gamle vegen opp til garden. Huset brann ned i 1976.) Sonen, Åge Svendsen, tok over butikken da faren slutta. Her var det butikk til 1962.
3) I 1926 kjøpte Olav William Orset tomt rett over vegen for ”Høgtuntrappa”. Her på Frigaard vart det bygd butikk, postkontor og bakeri. Søstera Jenny dreiv butikken, Olav var postopnar og Trygve Pedersen (frå Kristiansund) hadde bakeriet. Åge Svendsen tok over butikken i 1962 og her var det landhandel til slutten av 70-talet. Rannveig Langset, dotter til Olav William, overtok som postopnar når faren slutta. Postkontoret flytta etter kvart til kjellaretasjen i nyhuset til Rannveig og Lars Erling Langset.
• Skulehus
I 1880-åra kom første fastskulen i Torvikbukt. På same tomta bygde dei nytt skulehus i 1923. (Som vi såg på ”torvikbukt.no”, vart huset teke ned ved årsskiftet 2009/2010.) Bygget som i dag er Torvikbukt skule, var ferdig i 1964.
• Dampskipskai
Torvik kai var eit samarbeidsprosjekt mellom folket i Torvik og osmarkingar. (Osmarkingane hadde naust i området ved ferjekaia.) Kaieselskap vart stifta og kaia stod ferdig på midten av 1890-talet. I 1938 fekk kaia ferjeleie og bilferja ”Trygge” var første ferje på strekninga Torvik – Kristiansund. Ein periode gjekk ferja innom Gjemnes, Bergsøya og Kvernes på denne turen. Siste ferjeturen frå Torvikbukt gjekk i 1976.
• Torvik Auto
I første halvdel av 1900-talet hadde langt på veg kvar bygd sitt eige buss-selskap. Torvik Auto vart stifta i 1929. Ola Halle, Petter Kvalvåg, Jensinus Torvik m.f. var både sjåførar og verkstadfolk i det nystarta selskapet. I 1945 gjekk Torvik Auto inn i eit utvida buss-selskap som fekk namnet Nordmøre og Romsdal Billag A/S. Dei kjøpte tomt og sette opp garasje-/verkstadbygning ved Torvik kai. (Bygget der Vika Service hadde bilverkstad i nyare tid)
• Torvikbukt Kraftselskap
Ovafor Storfallet i Torvikelva kan ein sjå restar av inntaksdammen til kraftverket . Sleskapet vart stifta i 1926 og kraftstasjonen nokre hundre meter lenger nede i elva hadde ein kapasitet på 40 kW. I 1948 kom det strøm utanfrå til bygda og selskapet vart oppløyst.
• Bedehusa
I 1916 bygde Torvik Indremisjonsforeining bedehus mellom Sør-Vollan og Halle (Vollan). Bedehuset fekk namnet Bethel og da det nye bedehuset var ferdig i 1977 fekk det namnet Bethel 2.
• Høgtun
Nordmøre Ungdomsskule (Høgtun) starta på gammelbedehuset i 1917. I 1918 kjøpte Ungdomsskuleforeininga Løkkegarden (Dahl), og dreiv garden i 3 år! ”Blekkhuset” vart flytta frå Blikkåsen og bygd opp første året. Gymsal med matsal og kjøken i underetasjen vart også bygd i 1918. Da gardsdrifta slutta i 1921 selde Høgtun det meste av jorda og stod att med tomt til eit høveleg skuleområde. Det flotte internatbygget stod ferdig i 1923. Seinare har tomteområdet vorte utvida fleire gong. Nytt internat/ gymsal kom i 1959 og Øvretun i 1966. Forutan den åndelege dimensjonen Høgtun har vore i bygdesamfunnet, har det også vore gode arbeidsplassar her gjennom snart hundre år.
• Gjøco
Sofus og John Gjøen starta fiskebedrift i 1942 der administrasjonsbygget til Gjøco ligg i dag. Etter 10 år gjekk dei over til å produsere maling, - først tranmaling og seinare linoljemaling. Som arbeidsplass har Gjøco vore svært viktig for bygdefolket og busetjinga i Torvikbukt, og er i dag ein av dei største arbeidsplassane i Gjemnes kommune.
• Torvik vassverk bygde inntaksdam i Myrdølå i 1956. I dag er Vassverket eit moderne anlegg med kvalitetsvatn til heile bygda.
• Andre viktige ”føretak” i bygda det siste hundreåret:
Idrettslag, Skyttarlag, Ungdomslag, Hornmusikk, Blandakor og andre songgrupper, Søndagsskule, Misjonsforeiningar og andre foreiningar.
Molde mai 2010, Per Arnt Orset