19
jul
2012

Torvikbukt Open 2012

Publisert 19.07.12 av Daniel Kvalvik vist 6164 ganger

4 pluss pluss minus




16 2-arlag  var med i årets Torvikbukt Open. Først puljespel i 4 puljer der alle møtte alle i pulja. Deretter gjekk 3 lag i kvar pulje vidare i cup mot finalen.

Dei beste laga kom til slutt med i ein spennande finalekamp i "kongelaget"! Det vart tre søskenpar som møttest til dyst til slutt:
Ann Kristin og Bjørn Erik Sletnes, Sigbjørn/ Torgeir Halle og Nils Nekim Engdal/ Frank Åseng.
Finalen gjekk til 15 poeng. Sigbjørn/Torgeir og Nils Nekim/Frank veksla lenge om å vere i tet. Men etter ein sterk sluttspurt sikra dei sistnemde gullet.

1.plass Nils Nekim Engdal og Frank Åseng
2.plass Sigbjørn og Torgeir Halle
3.plass Ann Kristin og Bjørn Erik Sletnes

Dei laga som ikkje gjekk vidare frå puljespelet, møttest til ein spennande dyst om tittelen "Vesleblakken". Her vann til slutt Synnøve og Peter Måseide. Ekstrapremien gjekk til Even Aarskog og Øyvind Kvalvåg.

Torvikbukt Open starta i lett regn, men over sluttspela og finalane skein sola! Folk frå Troms i nord til Sveits i sør var med i kampen!

Optimistane Leif Engdal og Viktor Fredriksen kasta med gullforgylte sko, men vart utslått i semifinalen! Desse ungdomane kjem nok endå sterkare igjen neste år! I semien måtte også fjorårsvinnarane Johan og Sigmund Måseide bite i graset.

Stemninga var stor - både deltakarar og publikum kosa seg. Det lukta hest heilt til Bergsøya og Sletneset. Åshild Remmereit og Sunniva Grøteide serverte gode forfriskningar frå kiosken sin.

Tekst: Sigmund Måseide, foto Eldbjørg Lamvik.

 


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 19.07.12

Torvikbukt Open 17.juli 2012. Foto Eldbjørg Lamvik. Torvikbukt Open 17.juli 2012. Foto Eldbjørg Lamvik. Torvikbukt Open 17.juli 2012. Foto Eldbjørg Lamvik. Torvikbukt Open 17.juli 2012. Foto Eldbjørg Lamvik. Torvikbukt Open 17.juli 2012. Foto Eldbjørg Lamvik.


Tags:

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT