29
okt
2012

Haustfest på Høgtun 3.november!

Publisert 29.10.12 av Daniel Kvalvik vist 7220 ganger

4 pluss pluss minus




Førstkomande laurdag, 3. november er det haustfest på Høgtun. Denne gongen er dette ein del av noko vi har kalla "Minifolkehøgskule". Til Minifolkehøgskulen inviterer vi familie og vener av årets elevar til folkehøgskule for ei helg. Laurdagen ynskjer vi også å invitere alle vener av Høgtun til å være med på ein folkehøgskuledag.

Kl 09:00 Morgonsamling.
Kl 09:30 Foredrag: "Livet er utrolig - men sant" ved Lidvar Nygjerde.
Kl 10:30 - 13:30 Linjefag, ein kan velje mellom: Ballsport, Multikunst, Klatring, Fjelltur eller Mat med Morten.
Sjekk elles hogtun.no for meir informasjon.

Haustfest er kl 1900. Tale ved Edgar Fredriksen. Mange elevinnslag!

Vel møtt!


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 29.10.12




Tags:  Høgtun Folkehøgskole

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT