11
mar
2013
|
|
Publisert 11.03.13 av Daniel Kvalvik vist 8901 ganger
716 pluss
|
|
Den andre helga i mars har våre meget aktiv for både store og små i Torvikbukt IL.
Lørdag 9. mars vart det siste rennet i Nesset Sparebankcup (langrenn) gjennomført på Rausand, totalt så var det i overkant av 250 deltakarar på rennet, og 7 av desse representerte Torvikbukt IL.
Det er totalt 4 renn i cupen, og etter siste renn var det utdeling av medaljer og premier både for rennet på Rausand og for den totale cupen.
Eskil og Sander Engdahl vart sonemeistrar i sine klasser!
Søndag 10. mars var det klart for familiehopprenn i Magnarkollen, arrangert av IL Hjelset-Fram. Her var det og mange deltakarar frå Torvikbukt IL, totalt 10 store og små.
Dette er eit uhøgtidelig hopprenn på heimgarden til Ingolf Mork, og det har no fått navnet Ingolf Mork familiehopprenn.
Begge dagane var det flott vinterver og alle, både deltakarar og publikum, kosa seg i sola.
Tekst og foto, Siri Ask Fredriksen.
- Daniel Kvalvik, 11.03.13
Tags:
Torvikbukt IL
Ingen kommentarer
Legg til kommentar