27
feb
2011

Søknadsfrist og elevopptak

Publisert 27.02.11 av Daniel Kvalvik vist 8138 ganger

4 pluss pluss minus




Elevopptak skuleåret 2011/2012
Søknadsfrist for hovudopptak av elevar til skuleåret 2011/2012 er 1.april

Kort informasjon om skulen:
- Privat barneskule. 39 elevar dette skuleåret.
- Alle kan velje oss. Gratis skuleskyss innanfor kommunen iflg. privatskulelova § 3-7.
- Små elevgrupper. Høg lærartetthet.
- Leksehjelp med lærar.
- Flott uteområde.
- Gratis frukt. Fellesmåltid, ofte med varm mat.
- SFO og skulepengar er til saman rimelegare enn offentleg SFO-tilbod.
- Skulepengar: Kr. 500,- pr. mnd. Søskenmoderasjon.
- SFO. Kr. 800 - 1400,- pr. mnd.

Skulen er fådelt.
1. og 2. klasse går ilag. Det same gjeld 3. og 4. klasse, medan 5.-7. klasse går samla.
Vi har sjølvsagt ein del delingstimar innanfor desse gruppene.
Opplæringsmål er nynorsk.

Skulen har utvida kristen formålsparagraf.
Skilnaden frå offentleg skule er at det innanfor RLE blir lagt meir vekt på kristendommen.
Timetalet RLE er likt med offentleg skule.

Oppstarten av skulen har gått veldig bra, og det er ingen tvil om at Torvikbukt skule er til for å bli.
Auken i elevtalet på over 25 % etter første driftsår vitnar om dette.
Vi ser at elevane trivst godt i eit trygt og lite miljø.
At vi alle kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre er ein stor fordel ved ein så liten skule.
Ved at det er få elevar i kvar elevgruppe, har vi unike moglegheiter
til å følgje opp elevane og gje dei ei god opplæring godt tilpassa deira nivå.

Last ned søknadskjema her.


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 27.02.11




Tags:  Torvikbukt Skule

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT