30
sep
2020

Høgtun bytter navn!

Publisert 30.09.20 av Daniel Kvalvik vist 3987 ganger

5 pluss pluss minus




Fredag 16.oktober skal Høgtun Folkehøgskole bytte navn til Nordvestlandet folkehøgskole.
Mer informasjon blir å lese fra rundt 16.oktober på facebooksida til skolen og hjemmesida hogtun.no (snart nordvestlandet.no).
Rektor Bjarte Grøteide kan betrygge oss med at Høgtun-navnet blir bevart som navn i tunet.

Det vil bli ei markering 16.oktober, men dessverre ikke åpen for publikum på grunn av Covid 19.
Elever, ansatte, ordfører og journalister er med på markeringa.

 

Frå Nordmøre ungdomsskole, Høgtun folkehøgskole -til Nordvestlandet folkehøgskole. Navnehistorien til folkehøgskolen i Torvikbukt

I 1917 vart skolen stifta. Navnet på skolen var «Nordmøre ungdomsskole». På denne tida var det vanleg at kristne folkehøgskolar vart kalla ungdomsskole. I navnet «Nordmøre ungdomsskole» låg det også ei programerklæring – dette skulle vere ein skole for ungdommar på Nordmøre.

I 1919 vart tomta kjøpt der skolen ligg i dag. Den blei kjøpt frå Lychegården. Elevane fekk vere med å sette navn på tomta der skulen skulle byggast. Det stod mellom Uppheim, Høgheim og Høgtun. Høgtun vart valgt – og dette blei navnet på skolen i dagligtalen – men det offisielle navnet var fremdeles Nordmøre ungdomsskole. Heilt fram til slutten av 1960-tallet. Då vart det bestemt frå myndighetene at ungdomsskolenavnet skulle brukast innan den offentlige grunnskolen – slik vi kjenner den i dag for ungdommar mellom 13 og 15 år. Frå 1970 var då det offisielle navnet «Høgtun folkehøgskole»

På 2000-talet har skolen hatt ei utvikling av linjene der ein i stadig større grad har flytta mykje av undervisninga ut i friluft. Områda lærarar og elevar brukar er Innerdalen, Sunndalen, Eikesdalen, Oppdal, Hustadvika, Isfjorden, Romsdalen, Kristiansund, Tustna. Dette er fantastisk flotte områder som vi ønsker å tilby og gjere kjent for ungdomar i heile landet – og i verden. «Nordvestlandet folkehøgskole» er navnet på skolen frå 2020. Dette navnet vart valgt av ansatte og styret ved skolen – og vedtatt i årsmøtet i mai 2020. Navnebyttet er allerede registrert i Brønnøysundregisteret – men 15. og 16. oktober vil det skje ei omlegging av navn og adresse på heimesida, facebook og instagram.

Styret og ansatte på skolen i dag er enige om at navnet på tunet «Høgtun» fremdeles vil bli brukt internt framover – akkurat som i 1919. Plasseringa av skolen er både geografisk på Nordvestlandet og i Torvikbukt – og lokalt på ei flate og flott tun høgt oppe i bygda; Høgtun.

hogtunet-noe-nedskalert.jpg

hogtunpanorama-noe-nedskalert.jpg
Foto Einar Hals


I forbindelse med nytt navn har skolen gode tilbud på 100-års jubileumsgenseren: 

34379fe4-6f39-4c4c-9e65-df56db77e7ef.JPG
Hettegenser 200 kr (tidligere 350 kr).
Dette er ein collegegenser/hettegenser i 3 ulike farger.

2cf28d74-3862-47b6-af2e-6f221c127f3e.JPG
T-skjorta "HØGTUN - kjøle bra!" til 80 kr (tidligere 100 kr)

dcd86d7d-dfcd-41b9-9832-b445ad14413e.JPG
Veldig gode termokopper til 150 kr (tidligere 200 kr)

Dette er ein god anledning til å få tak i gode klær og kopper med Høgtunnavnet på!

Ta kontakt med kontorsekretær Birgit Seetzen på Høgtun. Tlf 712 93 850 hvis du ønsker å kjøpe


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 30.09.20




Tags:

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT