Search

Høgtun Helsestudio

Created 12 years 237 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss minus pluss: 19 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Tags Høgtun Folkehøgskole
Categories Framside - nyheter
Views: 9110
Print

Treningsromma på Høgtun er primært til fag- og fritidsbruk for Høgtun sine elevar. Andre gjestar kan få bruke fasilitetane på følgande premissar:

Aldersgrense:
16 år
Ungdom under 16 år kan få adgang under tilsyn av foresatte som har adgangsrett.

Treningsavgift:
500 kroner per semester (august-desember) (januar-mai)
Eingongsbesøk: 50 kroner.
Ta kontakt med Birgit på kontoret, for betaling.

Åpningstider for gjester:
Mandag-fredag 14.00-16.00 og 18.30-22.00
Laurdag og søndag 10.00-22.00
Stengt i alle skuleferiar.

Instruksjon:
Treningsromma vil vere ubetjent, utan instruktør. Skulen vil prøve å tilrettelegge for felles instruksjon og veiledning ein gong per semester. Dette vil bli annonsert.

Ordensreglar:
Alle trenar på eige ansvar.
Følg bruksveiledning på apparata.
Skadar på utstyr som skuldast uvettig bruk, skal erstattast.
Det er ikkje tillatt med mat, snacks, snus og anna som kan føre til rot og søl i treningsromma.
Bruk av musikk skal ikkje vere til sjenanse for omgjevnadane.
Hold orden og god hygiene. Vask og tørk av eventuell sveittesøl.
Bruk separate innesko, som er reine og tørre.
Ved mistanke om dopingbruk eller ved anna uønska adferd, vil ein misse adgangsrett.

TENK MILJØ OG ØKONOMI:
Lukk vindu og skru av musikk når du går (som sistemann).

 





No Comments


BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT