Search

Elever fra Høgtun på grautmiddag?

Created 6 years 66 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss minus pluss: 0 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Tags Høgtun Folkehøgskole
Categories Framside - nyheter
Views: 4547
Print

Har du lyst til å invitere nokre Høgtun-elevar på grautmiddag, laurdag 25. august, klokka 14.00?

I samband med at Høgtun Folkehøgskole snart er 100 år, har vi planar om å gjennomføre eit seminar for elevane, som vi kallar «Høgtun i hundre». Vi vil her prøve å gjere Høgtun- og Torvikbukt sin historie kjent og levande for elevane. Då skulen starta opp hausten 1917, var det med det gamle bedehuset som skulehus, medan elevane budde på gardane ikring.

Som eit pedagogisk stunt – men også for å knytte tettare band mellom Høgtunelevane og bygdefolk – vil vi denne dagen prøve å få plassert elevane rundt om i heimane, på ein enkel grautmiddag. Når ein åpna heimane sine i 1917 («tida var mager og tunn og lite pengar mellom folket»), klarer ein det kanskje også i våre dagar?

Skulestyrar Olav (Nielsen) Grytli fortel frå 1917:
«(...) den 15. oktober møtte 35 staute ungdomar – den første elevflokken. (...) Rasjoneringa tok til den hausten med brødkort og kaffekort og allslags kort, men for oss vart det skort, serleg på mjøl og brød. Elevane kunde ikkje forstå at dei ikkje kun de få graut eingong; så godtala vi med dei, og det gjekk bra.»

Dersom din husstand er villig til å ta i mot 2 (eller fleire) Høgtun-elevar på enkel grautmiddag denne dagen, kan de ta kontakt med Idar Remmereit (bildet). Mobil 91319517/mail: idar@hogtun.no, innan 19. august. Dei som ønskjer det kan få dekt utgifter i samband med måltidet.

Mvh Idar Remmereit, Høgtun Folkehøgskole.


Høgtun Folkehøgskole, foto Daniel Kvalvik. 


No Comments


BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT