Torvikbukt barnehage, Torvikbukt skule og kyrkja inviterer til felles temamøte på Torvik bedehus 14. februar kl. 20.00
Tema: Barn framfor skjermen.
Tormod Sikkeland, som er foredragshaldar for organisasjonen Barnevakten, kjem for å ta opp dette aktuelle temaet.
Barnevakten er ein organisasjon som gjev råd om barn og media. Visjonen deira er: «Trygghet og brukerglede: Vi vil at barn og unge skal kunne bruke mediene på en trygg og bevisst måte.»
I tillegg til å vere foreldremøte for barnehagen og skulen, blir dette eit ope møte for andre interesserte.
Med venleg helsing
Torvikbukt barnehage, Torvikbukt skule og kyrkja.