Search

Torvikbukt Skule på Bjørnsund

Created 13 years 275 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss minus pluss: 100 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Tags Torvikbukt Skule
Categories Framside - nyheter Barneskole
Views: 13811
Print
21- 25.mars var 6 og 7kl på leirskule på Bjørnsund. Her fikk dei mange fine opplevingar tross eit ekstremt verbruk. Det skifta mellom nordvest og sørvest kuling, regn og snø kvar dag. Styggvêr fikk ein ny dimensjon for elevane. Ein av lærarane på Bjørnsund hadde jobba der i 27år, og han kunne fortelje at han aldri har vore med på så mykje styggvêr over ei heil veke. Så her var Torvikbukt skule med på å setja ein rekord.

All honnør til Bjørnsund leirskule som måtte planleggja alternativt heile veka, men likevel klarte å gjere undervisninga interessant og lærerik for elevane. Dei lærte om fisking og fiskeanatomi, roing, sjøvett, knutar og mykje anna som høyrer kystfriluftslivet til. Dessverre blei det ikkje så mykje båtliv som det var planlagt, grunna mykje vind og høge bølgjer. Elevane storkosa seg likevel og fikk med seg mange gode minner.

Tekst og foto Hilde Ranheim, Torvikbukt Skule.

Bilde 004v2_800x600.jpg  Bilde 007v2_800x600.jpg  Bilde 013v2_800x600.jpg  Bilde 015v2_800x600.jpg  Bilde 016v2_800x600.jpg  Bilde 018v2_800x600.jpg  Bilde 025v2_800x600.jpg  Bilde 026v2_800x600.jpg  Bilde 030v2_800x600.jpg  Bilde 034v2_800x600.jpg  Bilde 036v2_800x600.jpg  Bilde 062v2_800x600.jpg  Bilde 064v2_800x600.jpg  Bilde 067v2_800x600.jpg  Bilde 072v2_800x600.jpg  Bilde 079v2_800x600.jpg  Bilde 081v2_800x600.jpg  Bilde 083v2_800x600.jpg  Bilde 086v2_800x600.jpg  Bilde 093v2_800x600.jpg  Bilde 095v2_800x600.jpg  Bilde 097v2_800x600.jpg 


1 Comments


  • Eldbjørg Lamvik
    Eldbjørg Lamvik 13 years 273 days ago
    Flotte inntrykk av ein kjempefin plass! Ser ut som både små og store kosa seg, til tross for mykje ver!
    0 pluss pluss minus Reply
BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT