Search

Juleverkstad på Torvikbukt Skule

Created 13 years 138 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss minus pluss: 102 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Views: 6051
Print
Torvikbukt skule hadde juleverkstad onsdag 15. desember. Mange nisser var samla på skulen denne dagen. Elevane og dei vaksne ved skulen hadde på seg nisseluer og nissedrakter. Det vart julestemning av å ha så mange nisser samla til juleverkstad. Til felleslunsj fekk nissene graut, noko som var veldig populært. Grauten var verkeleg god for dei små og store nissene. Det var viktig å få skikkeleg graut i magen for å lage så mykje fint til jul.
 
Dei minste nissene laga risnissar og måla på gryteunderlag. I tillegg hadde dei ein musikkstasjon med innøving av julespel.
 
Mellomtrinnsnissene sydde posar til pepparnøtter. dekorerte på boksar, laga kremmarhus og julekuler. Dersom dei vaksne har vore snille mot smånissene i tida før jul, kan det hende noko befinn seg under juletrea i Torvikbukt på julaften. Vi understrekar at det berre er for dei som har vore snille!
Smånissene Henrik Orvik, Andre Stiberg, Axel Odin Ranheim Helgason, Jarle Stubø Orset og Ola Tennøy Torvik viser fram risnissene sine saman med lærarnisse Siv Grøteide.  Elevar igang med innøving av julespel. Jesusbarnet låg stilt og fredeleg i krybba.  Mange Torvikbukt-nisser igang med julegrauten.  Smånissene Vebjørn Sørli, Andre Stiberg og Natalie Solberg et seg sterke saman med lærar Liv Måseide.  Grautgilde med nissene Jarle Stubø Orset, Axel Odin Ranheim Helgason, Ola Tennøy Torvik og Henrik Orvik i front.  Silje Hoem, Alvilde Solenes Dalen, Borgny Martine Yttervik Lilleeidet og Heidi Husevåg godt igang med å dekorere juleboksar. 


No Comments


BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT