Search

Badeplattform i Torvikbukt!

Created 6 years 149 days ago
by Daniel Kvalvik

pluss minus pluss: 1 minus: 0

  • Currently 0,00/5 Stars.


Categories Framside - nyheter
Views: 4756
Print

Utfor badestranda ved idrettsplassen har Torvik Vel ankra opp ei luftfylt badeplattform, med ditto sklie og låg påstigningsplattform.

Til fri bruk for badende.


Det gler oss at plattforma alt har blitt populær blant unge og ungar.

Men som all bading, det kan være farleg.


ALL BRUK SKJER PÅ EIGE ELLER FØRESETTES ANSVAR.

FORELDRE MÅ HA OPPSYN MED BADANDE BARN TIL EI KVAR TID.

TORVIK VEL HAR IKKJE BADEVAKT ELLER ANNA KONTINUERLIG TILSYN.


Vi er i ein prøvefase med plassering og ankervekter, så det kan hende vi må gjera justeringar her. 

Har alt flytta ho litt nærare land..

For å gjera justeringar, og hindre at ho ved eit uhell skal kunne løfte ankeret og driv til fjords, er det festa eit kvitt synketau mellom ankeret og steinane ved bålplassen. Vær snill og ikkje løsne dette.

Badeplattform 1_1600x1600.jpg
Styrets samla lungekapasitet vart for lita. Kompressor måtte til.

Badeplattform 2_1600.jpg
Albert og Knut etterfyller luft

For Torvik Vel
Lars Brubæk

 

 




No Comments


BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT