Bilda Torvik Vel hadde utstilt i oppslagstativet ved butikken vart som kjent lodda ut under julegrantenninga. Vi håper dei vart sett pris på.
Vi vil gjerne ha nye bilde på plass. Torvik Vel lyser derfor ut ein konkurranse om foto til å henge der ein periode. Fram til neste konkurranse, tenkjer vi oss, om dette blir vellykka.
Vi har sett som emne ‘’BYGDELIV’’ denne gongen.
Styret i Torvik Vel vil vera jury (og får derfor ikkje lov til å delta med bilde).
Hugs at vi må ha samtykke frå avbilda personar (eller føresette) for å kunne bruke bildet, med somme unntak.
Send bilda til Lars Brubæk, som filvedlegg eller på minnepenn. Innan 1. mai i år. E-mail: laurenteeus@gmail.com.
Ved å sende inn bilde, gir du Torvik Vel løyve til å offentleggjere bildet som skildra ovanfor, utan anna vederlag enn æra.
For Torvik Vel
Lars Brubæk