21- 25.mars var 6 og 7kl på leirskule på Bjørnsund. Her fikk dei mange fine opplevingar tross eit ekstremt verbruk. Det skifta mellom nordvest og sørvest kuling, regn og snø kvar dag. Styggvêr fikk ein ny dimensjon for elevane. Ein av lærarane på Bjørnsund hadde jobba der i 27år, og han kunne fortelje at han aldri har vore med på så mykje styggvêr over ei heil veke. Så her var Torvikbukt skule med på å setja ein rekord.
All honnør til Bjørnsund leirskule som måtte planleggja alternativt heile veka, men likevel klarte å gjere undervisninga interessant og lærerik for elevane. Dei lærte om fisking og fiskeanatomi, roing, sjøvett, knutar og mykje anna som høyrer kystfriluftslivet til. Dessverre blei det ikkje så mykje båtliv som det var planlagt, grunna mykje vind og høge bølgjer. Elevane storkosa seg likevel og fikk med seg mange gode minner.
Tekst og foto Hilde Ranheim, Torvikbukt Skule.
26. mars 2011
13751 visninger